Usjakovmedaljen

Fra Slektshistoriewiki
Sideversjon per 8. mai 2020 kl. 16:36 av SMH (diskusjon | bidrag) (Kort start - basert på norsk wikipedia)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Usjakovmedaljen

Usjakovmedaljen (Медаль Ушакова) er ein russisk medalje for heltedåd under maritime operasjoner.

Historie

Usjakovmedaljen vart først oppretta av Sovjetunionen 3. mars 1944.[1] Utmerkinga har fått namn etter den russiske admiralen Fjodor Usjakov.

Medaljen skulle tildelast soldatar og underoffiserar i den sovjetiske marinen for tapper stridsinnsats.[2] Offiserer kunne for tilsvarende innsats tildeles Usjakovordenen.[3]

Det vart tildelt omlag 15 000 medaljar for innsats under andre verdskrig.[2]

Medaljen vart i 1994 tatt opp att av Den russiske føderasjon.[4] Statuttane er seinare revidert i 1999 og 2010.[5][6]

Utforming

Medaljen er 36 mm i diameter og laga av sølv. Adversen viser byste av admiral Usjakov med dei to orda АДМИРАЛ ✯ УШАКОВ (ADMIRAL ✯ USHAKOV) over portrettet. Reversen er prega av eit anker som stikker utanfor den sirkulære medaljen. Baksida viser og serienummeret til medaljen.[7]

Medaljebåndet er lyseblått med kvit og mørk blå kantstriper. Båndet er og karakteristisk med at ein kjetting henger foran bandet.[7]

Norske mottakarar

Medaljen vart i 2016 tildelt dei norske krigsveteranane Leif Baumann, Ingvald Wahl, Trygve Laheim og Henrik O. Mongstad.[8]

Referanser

  1. ↑ Decree of the Presidium of the Supreme Soviet of the USSR of March 3, 1944
  2. ↑ 2,0 2,1 John D. Clarke: Gallantry Medals and Decorations of the World, Barnsley: Leo Cooper, 2001, s. 209–210.
  3. ↑ Alec A. Purves: The Medals, Decorations & Orders of the Second World War II 1939-1945, London: Savannah, 2004, s. 127.
  4. ↑ Decree of the President of the Russian Federation of March 2, 1994 No 442 }}
  5. ↑ Decree of the President of the Russian Federation of January 6, 1999 No 19
  6. ↑ Decree of the President of the Russian Federation of September 7, 2010 No 1099
  7. ↑ 7,0 7,1 Statute of the Medal of Ushakov, Commission under the President of the Russian Federation on state awards. 7. september 2010
  8. ↑ Presidentdekret av 29. januar 2016 (nr. 29).